Opprykk og andreplass på tabellen

Eid avslutta sesongen med målkalas

– Vi gjorde det som var nødvendig, men vi har spelt betre kampar enn avslutningskampen mot Bønes.

Opprykk: Neste år spelar Eid sitt herrelag i handball i 3. divisjon. I årets siste kamp vann Eid 24–14 over Bønes. Eid vart nummer to på tabellen med 25 poeng, tre poeng bak Bjørnar 2, som hadde 28 poeng. På dei 18 kampane i årets 4. divisjon vann eid 12, spelte ein uavgjort og tapte fem. Helgas motstandar, Bønes, endå på 8.-plass med 12 poeng. Kor mange av spelarane på biletet som blir med neste sesong blir avgjort i tida framover. Alle foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Sport

Det seier Geir Dale, trenar for Eid sitt herrelag i 4. divisjon handball, som avslutta ein god sesong i Eid Idrettshus laurdag ettermiddag.