Eid Symjeklubb arrangerte Vårduppen

Mange rekruttar persa i helga

Det var god stemning i symjehallen då Eid Symjeklubb arrangerte det årlege arrangementet Vårduppen.

Eid Symjeklubb: Både rekruttar og juniorar konkurrerte då Eid Symjeklubb arrangerte Vårduppen i helga.   Foto: Olin Maria Yri

Sport

Kvart år i mars arrangerer Eid Symjeklubb Vårduppen. Det har dei gjort i mange år, og det har difor blitt eit årleg arrangement. I helga var 160 rekruttar og juniorar samla i Eid symjehall på Nordfjordeid i helga då 2019 versjonen av Vårduppen vart arrangert. Av dei totalt 160 deltakarane var 42 rekruttar og juniorar frå Eid. Det var med det mange tilreisande frå Sogn og Fjordane. I tillegg til at mange av deltakarane var tilreisande, hadde også Eid Symjeklubb fått dommarhjelp frå både Førde og Jotun, noko dei ifølgje Ottar Vindfjell, leiar i Eid Symjeklubb er heilt avhengig av. Med god stemning både i vatnet og på tribunen gjennom heile helga vart det eit vellukka symjestemne også denne gongen.