Eidarane gjorde det godt i KM

Søndag arrangerte Volda Langrenn og Skiskyting KM sprintstafett.

KM i Volda: Det vart arrangert KM i Volda i helga, og Eid IL var med. Løparane gjorde det bra og det vart fleire førsteplassar.   Foto: privat

Sport

I klasse gutar 13-14 år kom Eid IL på førsteplass med lag 1 under KM som vart arrangert i Volda søndag. På laget var Tørres Bjelland Nøstdal og Lukas Magnus Endal Andersson. I klasse gutar 15-16 år kom Eid IL lag 1 også på førsteplass. Der var Ingebrigt Nes Hjelle og Kasper Mundal på lag.