Gler seg til junior-VM

Torsdag reiser Andrine Mårstøl til italienske Val di Fassa for å delta i junior-VM i alpint. Her skal Andrine køyre dei tekniske øvingane slalåm og storslalåm.

På pallen: Andrine Mårstøl, som er tatt ut til junior-VM i Italia, køyrer godt fortida. I løpet av to renndagar i førre veke har det blitt to pallplassar i storslalåm. Ein øvst og ein som nummer tre. Foto: Privat  Foto: privat

Sport

Andrine seier til Fjordabladet at ho ikkje var særleg nøgd med si eiga køyring tidlegare i vinter. Men etter å ha køyrt to FIS-renn på Oppdal i førre veke, der det vart ein første og ein tredjeplass i storslalåm, har humøret fått eit kraftig løft.