Haugen/Eid slo Gloppen 23–12

Handball: Haugen/Eid G13 tok ein solid siger på heimebane over Gloppen.

Målhamstring: G13-gutane frå Haugen viste godt lagspel i helga.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

  • Haugen/Eid: O. Hopland, T.M. Endal, L. Andersson (2), H.K. Holmøyvik Starheim (6), K. Larsen, S. Starheimsvik, G. Balsnes Lyngstad (2), D. B. Lefdal (1), Y.Z Mussie (3), K. Nybø Bakke (4), T. Nyland Englund (10), A. R. Lote.
Sport

Dei lokale gutane plukka mål etter mål, og kunne gå til pause med 12–6. Etter pause heldt dei fram med det gode lagspelet, og kunne gå sigrande ut av kampen med ei stilling på 23–12.

– Det er kjekt at vi spelar som eit lag. På treningane har vi fokus på at vi er eit lag, og det er det ein klarer å vise her på bana, seier trenar Line Balsnes.

Det er ei stor gruppa på 15–16 gutar som spelar på G13 på Haugen/Eid.

– At dei er så mange gjer at vi får god kvalitet på kvar trening, og det viser igjen no når vi er i kamp, fortel ho.

Så langt har det lokale G13 laget vunne alle sine kampar, utanom eit eitmåltap for eit lag som spelar på dispensasjon og som dermed ikkje er teljande til sjuande og sist.

– Vi har hatt ein god start i haust, fastslår trenar Balsnes.