Eirik er svært seriøs

Eirik har langt betre resultat enn det eg hadde då eg var på hans alder.

Mentor: Sander Smørdal, tidlegare storsymjar frå Eid og som no jobbar i TV2, følgjer godt med i det som skjer i symjesporten i Eid. Han har stor tru på at Eirik kan ta viktige utviklingssteg framover.  Foto: Presse/TV2

Sport

Det seier Sander Smørdal, som har laga treningsprogrammet som 17-åringen frå eit har følgt.

–Eirik Karlsen er ein hardt arbeidande utøvar som har tatt små steg heile vegen, og kanskje fått betalt for all treninga litt seint. Når det er sagt så er eg både imponert og glad for at han no har kvalifisert seg til sitt første junior-NM. Konkurransen er beinhard i juniorklassen, der han som 17-åring møter symjarar som er eldre enn det han er. Skal han nå ein finale i sitt første NM, må han kanskje ta nokre steg til ut frå der han er i dag. Men skulle han greie finaleplass i ein eller fleire av distansane han stiller i så vil han få ei kraftig forbetring av sine personlege rekordar, seier Sander Smørdal legg til at Eirik kanskje vil få eit løft når han stiller til start i sitt første NM.