Azar Karadas

Forlenger Brann-kontrakt

Azar Karadas (37) har forlenga kontrakten med Brann med ytterlegare eitt år.

–Eg har levd av fotballen i 20 år og føler meg privilegert, seier Azar Karadas som har forlenga kontrakten med Brann ut 2019-sesongen.   Foto: Brann.no

Sport

Med det blir veteranen å sjå på banen i 2019 også, over 20 år etter at han som ungdom bestemte seg for å flytte frå heimbygda Eid og sørover til Bergen for å satse alt på fotballen.

Kjennes godt

–Eg er både glad og takksam over å føle meg ønska i Brann. Vi har hatt god dialog i haust og valet blei veldig enkelt, seier Azar Karadas til Brann.no.

–Eg er kjempemotivert og stolt og glad for å få vere med å bygge Brann som klubb. Eg trenar kvar dag for å kvalifisere meg for laget som skal starte, men forstår samstundes mi rolle godt og sørgjer blant anna for å ta eit visst ansvar i garderoben som ein av dei erfarne spelarane, seier Azar som også skal vere med litt rundt Akademiet når det passer med programmet til A-laget.

Debuterte i 1999-sesongen

Azar Karadas sa ja til Brann sommaren 1998, men blei medlem av A-stallen og fekk debuten i 1999. Deretter blei det fleire periodar utanlands og i andre norske klubber. Men alltid med retur til Bergen att.

–Eg har levd av fotballen i 20 år og føler meg privilegert. Det er eit yrke eg har satsa alt på, og det er gjennom fotballen eg har skaffa meg ein kompetanse som eg sannsynligvis vil nytte meg av den dagen eg ikkje spelar lenger, seier Azar til Brann.no.

–Blir det ditt siste år?

–Det spørsmålet kjem kvart år. Eg har eittårskontrakt, og det er greitt. Så får vi sjå når hausten kjem neste år og spørsmålet kjem opp att.

Ein ekstra dimensjon

Sportssjef Rune Soltvedt er glad for å få signaturen til Karadas på papir att. Han er sikker på at han kjem til å bidra i 2019.

– Vi signerer Azar fordi han er kvalifisert for å kjempe om ein plass på laget vårt. Så er det ein ekstra dimensjon med han fordi han bidreg så mykje i garderoben, inn mot dei unge spelarane og elles i klubben med sin klokskap og erfaring, seier Soltvedt til Barnn.no.