Spennande både i topp og botn

Eid klatra på tabellen

Eid klatra opp til andreplass på tabellen i Kretsligaen etter at Stryn spelte uavgjort 2-2- mot Bremanger, og Eid slo Vik på borte bane med heile 6–0.

Tomålsscorar: I kampen mot Vik vart det fem ulike målscorarar. Berre Kristian Lefdal greidde å putte ballen bak Vik-keeper Stig Roar Hovland to gonger. Biletet er frå det omvende oppgjeret i juni. Arkivfoto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Sport

Det er ikkje berre i kampen om andreplassen det er spennande. I den andre enden av tabellen skjerpar det seg verkeleg også til. Skavøypoll som ligg sist med 13 poeng er nok klare for nedrykk, men kva lag som følgjer Skavøypoll ned i 4. divisjon er heilt i det blå. Tornado Måløy kan no avgjere si skjebne sjølv.

Sikker plass

Etter at laget vann 3–0 over Årdal på heimebane laurdag ligg dei på sikker plass med 19 poeng. Tett bak følgjer Vik og Bremanger, begge med 18 poeng. Tornado har to vanskelege bortekampar att. Først på lista står Stryn, deretter skal Tornado Måløy møte Dale. Bremanger møter Dale på heimebane, før dei avsluttar mot serievinnar Fjøra på bortebane. Vik har kanskje det lettaste programmet med Skavøypoll på bortebane komande helg og Florø 2 på heimebane i den siste kampen.