Kretsligaen:

Eid revansjerete seg mot Årdal

Eitt av laga i serien som Eid ikkje har nokon god statistikk mot er Årdal. I vårkampen borte mot Årdal vart det tap 2 - 1 for Eid. På Eid Idrettspark laurdag ettermiddag fekk heimelaget revansje.

Vebjørn Høynes set her inn Eid sitt første mål. Eit nydeleg frispark som keeper ikkje hadde den ringaste sjanse til å ta.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

Kampen opna svært jamt, utan at nokon av laga hadde dei store sjansane dei første 20 minuttane av kampen. I siste halvdel av 1. omgang viste Eid kva lag som var best. Tidvis spelte heimelaget glimrande fotball. Flott kombinasjonsspel, samstundes som laget virka botnsolide defensivt. Difor var det ikkje urettvist at heimelaget, etter knappe halvtimen, scora dagens første mål. Eid fekk frispark frå 22 meter. Vebjørn Høynes har scora frå denne avstanden mange gonger tidlegare, og den gode midtbanespelaren gjorde det nok ein gong.

Flott forarbeid