Stian på 54. plass i finfeltfinalen

Det vart ein 54. plass på Stian Skeistrand, Eidsbygda,  som i dag, fred skaut finale i klasse Eldre Rekrutt på finfelt på Landsskyttarstemnet.

Stian Skeistrand, Eidsbygda,  vart nummer 54 på finfeltfinalen på Landsskyttarstemnet i dag, fredag.  Foto: Magne Nesheim

Sport

Stian hadde fullt hus, 30 treff, med seg frå den innleiande skytinga på finfelten. I finalen vart 11 av tolv treff med sek inner. Dette heldt ikkje til ei plassering heilt i toppen. Finalen vart vunne av Håkon Foss Mathisen, Blaker skyttarlag. Best i finalen av skyttarane frå Sogn og Fjordane i klassen eldre rekrutt vart Matyas Galamos og Tor Kristain Dulsvek, begge Sogndal skyttarlag, med 42/10. Det vart ein delt 9. plass,.

Rekrutt

I rekruttklassen skaut Daniel Matias Mjellem, Hyen skyttarlag, 8/3 i finalen. Det plasserte han på ein 73. plass til slutt med samanlagt resultat på 37/3.

Junior

I juniorklassen var Sandra Vindfjell Frøholm kvalifisert til finalen. I finalen vart det 10/4. Samanlagt 40/4 og ein delt 42. plass.

Klasse 3-5

I klasse 3-5 vart det delt 93. plass på Roger Nesheim, Eidsbygda, med 11/7 i finalen og 40/7 samanlagt. Bertel Odne Mjellem, Hyen skyttarlag skaut 10/3 i finalen i og ligg førebels på ein 124. plass med samanlagt 40/3. I den same klassen 231. plass på Marie Alme, Nordbygda og Rand, som hadde 7/3 i finalen og 36/3 samanlagt. Alf Roger Muldsvor, Nordbygda og Rand vart nummer 233 med 6/2 i finalen og 36/2 samanlagt.  

Alle resultata i klasse 3-5 er førebels, og plasseringane kan difor endre. Det står att eitt lag i finalen på grovfelten.