Eid tapte oppgjeret mot Florø 2

Eid IL møtte Florø 2 i den første kampen etter ferien. Etter ein god vårsesong der Eid låg med 22 poeng på andreplass på tabellen, vart det tap mot Florø sitt andrelag på kunstgraste i Florø Laurdag.

Eid tapte oppgjeret mot Florø 2. Eid sitt mål vart sett inn av Vebjørn Høynes (med ball). Til høgre Kristian Lefdal som ikkje fekk målkjenning denne gongen.   Foto: Arkivfoto Tormod Flatebø

Sport

Kampen var knappe halvtimen gamal, 34. minutt,  då Mads Solheim Mortensen som sette inn Florø sitt første mål i kampen. Fire minutt før pause dobla Lorent Callaku heimelaget si leiing. 2-0 var også pauseresultatet.

Andre omgang var rundt 20 minutt då Eid reduserte til 2-1 på straffe. Straffesparket var det Vebjørn Høynes som tok seg av. To minutt etter Eid si redusering  auka Florø sin innbytar, Alioune Ndour til 3-1. Same mann sette inn det siste målet i kampen, slik at det endelege resultatet vart 4-1 til heimelaget.  


Kampfakta Florø 2 – Eid 4-1 (2-0)

Florø Kunstgras

Dommar: Per Oddvar Lien, Høyanger IL

Assistentdommarar: Jonas Sande Mossestad, Førde IL og Magnus Ødven Gryttingm Sandane Turn og Idrettslag


Mål:

1-0 34. min. Mads Solheim Mortensen

2- 0 41 min. Lorent Callaku

2-1 64. min. Vebjørn Høynes str.

3-1 66. min. Alioune Ndour

4-1 90. min. Alioune Ndour


Eid: Sander Torheim Frislid, Daniel Haus, Adrian Hagen Henden, Espen Nødset Rosø, Johan Pasit Skorge, Henning Haugen (K), Marius Henriksen, Simen Lefdal, Vebjørn Høynes, Joakim Frislid Vedvik og Kristian Lefdal. Innbytarar: Kristian Årskog, Eirik Wik Leite og Ole-Andreas Aarvik


Resultat

Tornado Måløy - Fjøra  0-2

Stryn - Dale 2-0  

Florø 2 - Eid  4-1

Studentspretten - Vik  5-3

Årdal - Bremanger 7-0


Tabell Kretsligaen

LagKVUTMålPoeng
Fjøra1293045 - 1430
Årdal1373332 - 2324
Eid1271440 - 2722
Stryn1270540 - 2221
Kaupanger1170436 - 2621
Studentspretten1254324 - 2019
Dale1241729 - 3313
Vik1234521 - 4013
Florø 21233624 - 3612
TMFK1331924 - 4110
Bremanger1224615 - 4210
Skavøypoll1122728 - 348