Det blei ein uvanleg målrik kamp då Eid gjesta Skavøypoll onsdag kveld. Før kampen var det klart at Eid ville avslutte vårsesongen på 2. plass i Kretsligaen med siger, men det blei spennande heilt til dommaren bles for full tid.

Fem minutt før full tid fekk Eid straffespark på stillinga 6-6. Det sette Vebjørn Høynes sikkert i mål, og sikra Eid tre viktige poeng.

Laga gjekk til pause på stillinga 2-3. Kristian Lefdal opna målfesten med si 0-1-scoring etter fem minutt. Så dobla Runar Lillestøl Naustdal leiinga, før Tor Erik Tvendeseter Kupen reduserte til 1-2. Kristian Lefdal la på til 1-3, medan Skavøypoll sin svært gode midtstoppar Håvard Hagen skapte liv i kampen igjen med redusering til 2-3 midtvegs i 1. omgang.

Henning Haugen var frampå ved eit hjørnespark og sende Eid i tomålsleiing 2-4 i opningsminutta i 2. omgang.

Men scoringar av Kim André Gangeskar og Espen Sandal skapte balanse i rekneskapen igjen.

Drygt timen var spelt då Jon André Tue for første gong sende Skavøypoll i føringa, men det gjekk berre fem minutt før Håvard Holmøyvik utlikna til 5-5.

Minuttet etter var det Espen Nødset Rosø som igjen sende Eid i føringa 5-6.

Kvarteret før full tid utlikna Jon André Tue til 6-6, før altså Vebjørn Høynes avgjorde det heile på straffespark.

Resten av den siste serierunden i Kretsligaen blir spelt slik: Fredag: Tornado Måløy-Dale og Kaupanger-Stryn. Laurdag: Bremanger-Fjøra. Søndag: Florø 2-Vik.