Eid jenter 14 år gjekk heilt til topps i sin klasse, medan Heia jenter 13 år tok sølv.

Arrangørklubben Selje gjorde det også veldig bra i klassane der det blir kåra vinnarar. Selje tok gull i klassane jenter 15/16/17 år og gutar 14 år. Dei tok også bronse i jenter 13 år og sølv i klasse jenter 14 år.

Heia imponerte

Jentene i klasse 13 år frå Heia IL opna gruppespelet laurdag med å vinne 1-0 over Tornado Måløy. I den andre gruppespelskampen vart det storsiger 4-0 over Hareid.

I den tredje og siste gruppespelskampen møtte dei laget som dei seinare skulle spele finale mot, Blindheim frå Ålesund. Her vart det tap 2-3.

Likevel gjekk Heia-jentene vidare til semifinale i A-sluttspelet søndag. Motstandar var det andre laget til Blindheim, og her vann Heia 2-0.

I finalen møtte dei altså det same Blindheim-laget som dei møtte i gruppespelet. Her vart det tap 0-2, men Heia-jentene kunne uansett juble over knallsterk innsats i Seljecup.

Gull til Eid

Eid jenter 14 år tok sigeren i sin klasse i årets Seljecup. Dei spelte alle kampane sine laurdag.

I gruppespelet vart det først siger 6-0 over Valldal. Så følgde dei opp med siger 2-0 over Tornado Måløy. I den tredje gruppespelskampen vann Eid 3-2 over Selje.

Det var også dei to sistnemnde laga som kvalifiserte seg til finalen. Her vart det ny eittmålssiger til Eid, som tok gullet med resultatet 4-3 i finalen.

Over tusen spelarar

Årets Seljecup var den 24. i rekka. Det deltok over tusen spelarar frå godt over 30 klubbar frå Sunnfjord, Nordfjord og Sunnmøre.

Klubbane som deltok var Aksla, Askvoll og Holmedal, Blindheim, Bremanger, Eid, Emblem, Fiskerstrand, Flatraket, Folkestad, Førde, Godøy, Gurskøy, Hareid, Hasundgot, Heia, Herd, Hjørungavåg, Kjølsdalen, Larsnes, Rollon, Selje, SIF/Hessa, Skavøypoll, Spjelkavik, Stadlandet, Stårheim, Tornado Måløy, Valder, Valldal, Vanylven, Volda, Ørsta og Åheim.

– Påmeldinga til årets cup har også i år vore god. Det er svært gledeleg at klubbane kjem tilbake til Seljecup år etter år. Kjekt er det også i år å kunne ynskje nokre nye klubbar velkomne til årets fotballfest, melder arrangørane av Seljecup.