Godt over 30 klubbar frå Sunnfjord, Nordfjord og Sunnmøre stiller med rundt 130 lag til den store fotballfesten i Selje.

Seljecup startar i dag med dei eldste klassane 15-17 år. Deretter er det klassane 11-14 år som skal i aksjon både laurdag og søndag. Dei yngste klassane 6-10 år spelar Kongleriket miniputt-turnering søndag.

– Den tradisjonsrike og populære cupen får kvart år mange lovord for det flotte arrangementet. Dette er vi glade for og stolte av. Men forventningane og tidlegare suksess, utfordrar oss samtidig til å prøve å gjenskape cupopplevingane år etter år, heiter det i ei pressemelding frå Seljecup.

Desse deltar

Det er påmeldt rundt 130 lag frå 34 klubbar til årets Seljecup. Klubbane som deltar er Aksla, Askvoll og Holmedal, Blindheim, Bremanger, Eid, Emblem, Fiskerstrand, Flatraket, Folkestad, Førde, Godøy, Gurskøy, Hareid, Hasundgot, Heia, Herd, Hjørungavåg, Kjølsdalen, Larsnes, Rollon, Selje, SIF/Hessa, Skavøypoll, Spjelkavik, Stadlandet, Stårheim, Tornado Måløy, Valder, Valldal, Vanylven, Volda, Ørsta og Åheim.

– Gledeleg

– Påmeldinga til årets cup har også i år vore god. Det deltek tett på 130 lag frå over 30 klubbar. Det er svært gledeleg at klubbane kjem tilbake til Seljecup år etter år. Kjekt er det også i år å kunne ynskje nokre nye klubbar velkomne til årets fotballfest, melder arrangørane av Seljecup.

Fair Play

Selje IL er ein klubb med stort fokus på FairPlay, og vart både i 2012, 2013 og 2015 heidra som ”Årets FairPlay-klubb” i Sogn og Fjordane.

– Vi håpar alle på ein cup med mykje flott fotball, vennskap og glede. La oss alle hjelpe kvarandre til Fair Play både på og utanfor bana. Seljecup skal også i år bere preg av FairPlay, skriv arrangørane i ei pressemelding.

Seljecup legg som vanleg opp til eit rikhaldig program også utanom kampane, med arrangement og mange aktivitetar som til dømes hoppeslott, trikseshow og sal av trikseballar, 3’ar minibane, grillselskap, cupdiskotek, lagleiartreff, med meir.

Det er også venta at den flotte klatreparken ved stadion vert flittig nytta i helga, og arrangørane håpar sjølvsagt på godt vêr så Seljesanden kan nyttast.