Stryn vann 6-1 mot Eid 16. mai i fjor. I dag vil Eid ha revansje. Trenar Dan Jøran Hafsås er i alle fall klar på korleis han ventar kampbiletet vil bli.

– Eg forventar at vi kjem til å styre kampen og ha mykje ball. Skal eg tippe kjem Stryn i ein 4-5-1-formasjon, seier Hafsås, og legg til at dersom Eid lukkast med å ta Stryn-spiss Vegard Hopland ut av kampen, bør ein sitje igjen med tre poeng.

– Det blir heilt sikkert ein underhaldande kamp, og eg reknar med at det kjem mykje folk, seier Eid-trenaren.

Lagoppstilling

Eid stiller med dette laget mot Stryn på idrettsparken i kveld: Keeper: Sander Torheim Frislid. Høgre midtstoppar: Håvard Holmøyvik. Sentral midtstoppar: Henning Haugen. Venstre midtstoppar: Adrian Hagen Henden. Høgre ving-back: Espen Rosø. Venstre ving-back: Daniel Haus. Midtbane: Simen Lefdal, Vebjørn Høynes og Marius Henriksen. Spissar: Kristian Lefdal og Joakim Vedvik.

Innbyttarar: Erik-André Røysen (keeper), Runar Naustdal, Kristian Årskog, Eirik Wik Leite, Daniel Myklebust, Andreas Hellenes og Arild Rindal.