Statens vegvesen gjennomførte i går kontroll på Kjøs der 47 køyretøy vart kontrollerte.

Det vart gjeve to åtvaringar for mindre brot på køyre- og kviletid.

Ein bilførar fekk bruksforbod for ikkje å ha merka brei last slik lova krev. Han fekk ikkje køyre vidare før forholdet var retta.

Eitt vogntog hadde teknisk mangel, og det vart stilt krav om etterkontroll i samband med dette.

I tillegg vart to godsløyve inndregne fordi desse ikkje lenger var gyldige.

Dette opplyser Statens vegvesen.