Klatring er meistring og glede

For Sigrid Hjelle og mannen Anders Vonheim var klatremiljøet i Stad viktig då dei bestemte seg for å busetje seg her.

Sigrid Hjelle er 32 år, mor til to barn på to og fire år, og sambuar med Anders Vonheim. Familien bur på Hjelle i Stad kommune, der dei har bygt seg hus nær barndomsheimen hennar.

For litt over ti år sidan oppdaga ho klatresporten, under utdanninga til fysioterapeut i Trondheim. Ein sport som blei viktig, og som ho vil ta med seg også framover.

– Det blir sjølvsagt mindre klatring no når vi har to barn. Men ein tur til det nye klatrefeltet på Lotsberg i løpet av veka blir det som regel. Det er eit heilt supert klatrefelt, med mange moglegheiter og ei fantastisk utsikt, seier ho som klatrar for å halde seg i form, for meistringa og for allsidig bruk av kroppen.

Klatring er vel den optimale sporten, der ein får brukt heile kroppen

– Klatring er vel den optimale sporten, der ein får brukt heile kroppen. Ein blir sterk og smidig og opplever meistring når ein klarer nye ruter, seier ho som deler denne interessa med mannen Anders Vonheim.

– Det var han som introduserte meg for denne sporten, då han hadde klatra i nokre år allereie. I Trondheim starta vi med buldring, og så blei det meir klatring då vi flytta til Stryn i 2013. Då vi skulle etablere oss på ein plass var valet anten Stryn eller tidlegare Eid kommune. Etablering av Hamna treningssenter og ivrige folk i eit byrjande klatremiljø på Eid var absolutt medverkande då vi avgjorde at vi ville byggje hus på Hjelle, rundt fem kilometer aust for Nordfjordeid, seier Sigrid som slett ikkje er redd for å ramle ned når ho har klatra 30 meter opp ei loddrett fjellside.

– Nei, vi er godt sikra ved hjelp av tauet, der nokon står nede for å sikre deg. Om du skulle misse taket i fjellveggen, blir du hengande å dingle i tauet. Så er det å ta tak på nytt og halde fram med klatringa, seier ho som også gjerne vil rose det gode klatremiljøet som no har vakse fram i midtre Nordfjord.

I klatrefeltet på Lotsberg er det ikkje berre bratt å klatre opp. Det er heller ikkje mykje å gå på før terrenget er loddrett ned mot Nordfjorden. Foto: PRIVAT

– Klatring for oss betyr også eit godt sosialt miljø. Vi blir ein gjeng som klatrar saman, og som deler ei spennande interesse, seier ho som også har hatt med seg barna på klatring.

– Dei er nok for unge til å klatre utandørs på Lotsberg enno. Men vi er ganske ofte på Hamna, og der klatrar dei innandørs i klatreveggen der. Eller dei kan klatre utandørs andre stadar der terrenget tillèt det. Etter kvart blir det nok slik at vi vil ta dei med også til klatrefeltet på Lotsberg, men vi må nok vente nokre år enno, seier Sigrid.

200 medlemmer i klubben

Nordfjord klatreklubb har i dag 200 medlemmer. Det er tidlegare Gloppen klatreklubb som har slått seg saman med klatrarar frå Stad kommune og danna Nordfjord klatreklubb.

I tidlegare Eid kommune er det klatrefelt på Haus og no også på Lotsberg. I tillegg disponerer dei eit større felt i Ålfoten, som blir brukt til buldring, eller klatring utan tau. Det finst også mindre klatrefelt på Skipenes og på ytre Røed.

I det nye klatrefeltet på Lotsberg skal det til slutt bli 150 klatreruter av ulik vanskegrad. Så langt er 50 ruter kome på plass, der arbeidet føregår ved hjelp av dugnad frå medlemmer i Nordfjord klatreklubb. Foto: PRIVAT

Axel Nikodemussen er leiar for Nordfjord klatreklubb. Han flytta frå Finnmark til Nordfjordeid for to år sidan. Då hadde han drive med klatresporten allereie i 12 år. No er han å finne i eit klatrefelt opp til fleire gongar i veka. Når han ikkje er på jobben sin på Hamna treningssenter, der han er Rutesetter og instruktør i klatring.

– På fritida blir det vel i gjennomsnitt klatring tre gongar i veka for meg. Det varierer ganske mykje, for etter ei litt omfattande økt med klatring trengst det litt kvile i eit par dagar, slik at kroppen kan bli restituert. Etter ein dag med klatring merkar ein det mest i underarmar og i fingrane. Men etter kvart får ein også trena opp desse muskelgruppene meir, seier han som også flytta til Nordfjordeid for to år sidan. No er han ikkje minst glad for at klatreklubben held på å utvikle det nye klatrefeltet på Lotsberg.

Klatrar du nokre meter opp fjellsida er det ikkje noko å seie på utsikta bak ryggen din. Foto: PRIVAT

– Her veks det fram eit heilt unikt og spektakulært klatrefelt. Når det blir ferdig får vi heile 150 klatreruter på Lotsberg, med ulik vanskegrad. Så langt er 50 ruter klare, og vi gjer dette arbeidet på dugnad i klubben, seier Axel som understrekar at utsikta frå klatrefeltet på Lotsberg er det mest unike med dette feltet.

– Ikkje mange klatrefelt kan vise til ein slik spektakulær utsikt rett ned på ein fjord. Å få dette feltet som ein del av Nordfjord klatreklubb er med på å gjere klatresporten her i midtre Nordfjord endå meir attraktiv. Vi ser at fleire kjem flyttande hit som har interesse for klatresporten, så vi har absolutt eit veksande og spennande klatremiljø, opplyser Axel som seier at klatring er den sporten i Norge i størst vekst, og at klatring blei godkjent som OL-grein i 2022.