Ein treng ikkje klatre på ein fjelltopp for å vere med på friluftsliv. Søndag var det ut i naturen i nærområdet.

Staden var Sætrevatnet/Heggjadalsvatnet i Heggjadalen. Arrangør var Eid frivillgsentral i samarbeid med Heggrosa 4H i Heggjabygda.

På programmet stod båt og kano, natursti, mat på bål og ulike leikar. Åse Huse frå Eid frivilligsentral seier dette var tredje arrangementet i ei rekkje på sju. Første var på naturmøteplassen i Kjølsdalen, andre var Kom deg ut dagen i Sagaparken, fjerde er spreking i Eid sentrum i samband med Verdsdagen for psykisk helse, femte blir tur til Gildra, sjette blir skøytedag på vatnet i Remmedalen, og sjuande blir Kom deg ut dagen på Harpefossen til vinteren.

Eid kommune har fått 75.000 kroner til desse arrangementa frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, og intensjonen er å få fleire ut i naturen.

–Dette handlar om enkelt friluftsliv der ein skal bruke og bli kjend i dei ulike nærområda. Og ikkje minst besøke andre sine nærområde, og oppdaga nye naturperler, seier Åse Huse. Ved Sætrevatnet var det ivrig aktivitet med båtliv, grilling og matlaging.