Det nye lysande store hjartet vert eit nytt fotopunkt på Nordfjordeid, med utsikt over fjorden.

– Vi har også ein veldig fin julesong med Julehjarte av Vilda&Anna. Hjarte er oss, og så er det koseleg. Det var naturleg for oss å kjøpe lysande hjarte når vi no ville ha litt meir julepynt, seier Gjerdevik, som også er leiar i Eid Handel.

Lysfest

Torsdag kveld vert det lysfest og julegrantenning på Nordfjordeid.

Først ut er hjartet ved Alti Nordfjord. Det vert fakkeltog, og Hjelle skulemusikk og Nordfjordeid skulekorps vil vere med å sette stemning.

– Deretter går vi opp til julekula i Eidsgata, før vi tenner julegrana på Badstupladsen. Så går vi opp til Maurstadparken der vi tenner julegrana der. Det er eit veldig flott juletre. Her kjem også nissen sine hjelparar som deler ut clementiner til ungane, fortel ho.

Meir lys

– I fjor skreiv vi om planane om å få endå meir lys rundt i Nordfjordeid sentrum - også i trea i Maurstadparken. Korleis går det med desse planane?

– Vi ønskjer oss meir lys, for å lage det endå hyggelegare i Nordfjordeid sentrum. Vi må berre finne finansieringa. Men vi har kome eit stykke på veg, med den nye julekula i fjor og det nye julehjarte i år. Men alt kostar pengar. Alti Nordfjord har brukt nesten ein halv million kroner på lys inne og ute, fortel ho.

- Vi håper dette kan smitte over på andre, så vi får endå meir lys. Det er mørkt ute, og det er kjekt med lys i ei mørk årstid, seier Gjerdevik.