– Vi har auka beredskapen, spesielt med tanke på ytre. Vi har politiressursar på begge sider av Måløybrua, og vi har folk på Fiskå som kan dekke ytre Stad om noko skulle skje. I tillegg har vi vakt i Stad og Stryn om det skulle kome nokon stenging inst eller ute i fjorden. Vi er så førebudde som vi kan vere, seier Rognald Dvergsdal, politisjef i Nordfjord.

Han viser til at det også er oppretta dialog med kommunane.

– Eg har også vore i kontakt med senterleiar/handelsstanden, med tanke på gjenstandar og skilting utandørs som kan fyke i stormen. Det er opp til kvar enkelt butikk om ein vil ha ope, seier han.

– Vi kan ikkje pålegge folk å halde seg inne. Det er opp til kvar enkelt om ein oppheld seg ute, men ein må huske på at gjenstandar kan ta laust. I ytre er dei meir vande med desse vindkulene, og det er noko å tenke på for oss som bur i indre. Ein har litt å lære over kva som kan kome fykande, seier Dvergsdal.

Det er opp til kvar enkelt om ein oppheld seg ute, men ein må huske på at gjenstandar kan ta laust.

– Oppfordringa er å halde seg inne, med mindre det er eit nødvendig ærend. Ein må huske at ein fort kan bli avskore, og at vegar kan bli stengde slik at ein ikkje kjem seg heim, minner han om.

Politisjefen i Nordfjord ber folk ta sine forholdsreglar.