Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal opplyser at både konserten i Gymmen torsdag og dei reine laurdagspassa til Malakoff Rockfestival vart utselde i går, men det er igjen festivalpass som gjeld for begge dagane og for fredag.
– Så langt er om lag 85 % av billettane selde, opplyser Naustdal til Fjordabladet onsdag føremiddag. Til saman er det lagt ut billettar for sal til 22.000 publikummarar, 11.000 kvar av dei to dagane. I tillegg kjem dei under 12 år som går gratis.
– Det skal vere ein ung, hip og kul festival. Vi jobbar for at det skal vere ok å ha med seg barn på festivalen, og vi er difor ganske strenge på å skilje barområde og alkoholfrie område, seier Naustdal.
På festivalområdet på Plassen er det meste allereie på plass. Dei to scenene ruvar i terrenget, og inngangsparti, salsboder og andre fasilitetar er stort sett klare, men framleis står det ein del arbeid att før alt er klart til storinnrykk fredag ettermiddag.