Rektor Silvia van Hesik hadde mange gode råd til elevane som no startar skuleåret sitt ved Fjordane Folkehøgskule. – Uavhengig av kor du kjem frå, kor du skal, korleis du har hatt det før eller kva slags linje du har valt, så er det plass til deg - akkurat slik du er. Du treng ikkje å gøyme deg bak finstasen og sminke, her kan du senke skuldrane og gå i pysj til undervisinga om det er det du vil, sa rektor Silvia i talen sin til elevane.
– Vi skal skape vårt beste år saman