Brannen skuldast truleg noko elektrisk verktøy som har tatt fyr.

Det var like før klokka 21.30 at det vart oppdaga eld på innsida av eit næringsbygg som er i ferd med å bli renovert.

Det skal ikkje vere personskade i samband med brannen, melder Vest politidistrikt.

Politi og brannvesen rykka ut til staden, brannen vart sløkt, og ein begynte med utlufting.

110 Vest opplyser at det var eit mindre branntilløp i eit større bygg i Gate 1, og at det mogleg er brent i type elektrisk boremaskin e.l. Den skal vere forkola.