Loen Skylift tek den til toppen av Hoven. Foto: Ingebjørg Nilsen

På toppen ligg restauranten på kanten av fjellet Hoven. Her kjem du også i nærkontakt med den mektige naturen. – og fleire vert overvelda over naturopplevinga over det den mektige Nordfjordnaturen har å by på – med god utsikt over fjordar og fjell.

Det kan utan tvil kallast Norges lettaste topptur.

– Vi skaper nye opplevingar, seier gründer Richard Grov. Foto: Ingebjørg Nilsen

Vi skaper nye opplevingar

– Vi skaper nye opplevingar. Her har vi lokal eigarskap, som igjen gir lys i fleire vindauge i bygda. Loen Skylift gir lokale ringverknadar, seier initiativtakar og medeigar Richard Grov, administrerande direktør for Alexandra-konsernet.

Alle prognosar tyder på at 2023 endar på ny, solid besøksrekord.

I fjor var det 125.400 besøkande, som er solid årsrekord for Loen Skylift Det er også 10.000 fleire enn førre rekordår som var 2018.

– Alle prognosar tyder på at 2023 endar med ny, solid besøksrekord, seier Grov.