Det vert gågate på laurdagane også i år, og allereie 24. juni er det liv og røre i sentrum i samband med spelet Elskhug og eksis.

– På Alti Nordfjord er det same helga barnas superhelg, og der får ein fredagen besøk av Plutseleg Sirkus, og det vert anna underhaldning og kjekke ting, lovar Gjerdevik.

Dette skjer:

8. juli: Bagasjeromloppis. 15. juli: Eid Gatematfestival. 22. juli: Malakoff Rockfestival.

– Vi kjem også til å ha ein laurdag med Cars & coffee, fortel ho.

– Om det er nokon som vil ha stand, så er det berre å ta kontakt, så vil vi finne plass til dei. Elles vil butikkane trekke ut i gata, for vi reknar med at det vert vêrmessig finare enn i fjor, og at vi må vatne blomstrane våre litt oftare enn kva vi måtte i fjor, seier Gjerdevik.