Vi vil gjerne at du deler dine julebilde med oss. Det kan både vere julepynt inne eller ute, julelys ute, leik eller ski i snøen, ei julehelsing, julestemning, julekos, julebakst og julemat, nissar, julegåver og hygge. Kanskje jobbar du i jula?

Det er låg terskel for å sende inn, og det treng heller ikkje vere noko perfekt. Kanskje gjekk noko gale?

Det er også slik at ikkje alle feirar jul. Om det er nokon som ikkje feirar jul, send oss gjerne bilde frå korleis du brukar denne tida.

Slik gjer du det

Send inn til olin.yri@fjordabladet.no eller redaksjon@fjordabladet.no. Legg gjerne ved ein bildetekst og fotograf.

Du kan også bruke #fjordabladet og #fjordabladetsjul på Instagram.

Bilda blir publisert både i papiravisa og nettavisa.

Tusen takk til alle som sender inn sine bilde.

Ha ei riktig så fin romjul.

Vi oppdaterer med fleire julebilde. Bla ned for å sjå dei nyaste bilda.

24.desember med @tegne.maren. Eg har fått med meg 24 forskjellige folk som eg har tegna ei tegning med, i dag har eg tegna Julenissen med Maren!! Swipe for å sjå min Gå til story for å stemme på din favoritt. Eg har kosa meg så mykje med dinne kalenderen og eg håpa dokke har gjort det samme! TUSEN TAKK ril alle som ville vere med og alle som har vert med å stemme!! Det er siste stemma no! Eg har tegna langt ute av komfortsona mi og prøvd så mykje nytt Julenissen har eg utfordra meg sjøl masse med, eg har mala portrettet i akvarell og det synst eg er ganske vanskelig i tillegg til at eg har brukt masse nye farga!! Maren har tegna digitalt. God Jul alle mine flotte følgera. Foto: strekforstrekavagate
God jul. Foto: tonevereide
Med husets mest sjarmerende nisse ønsker eg alle ei fin julefeiring. Foto: marjohsso
God julemorgen! Foto: olinesine
God jul ! Frohes Fest ! Merry Christmas! Feliz navidad! Joyeux noel Foto: fraumartini
24.12.22 i #nordfjord! Ein nydelig dag og ønskevær til julafta! Foto: olinesine
God Jul. Foto: karinvambeseth
Korteste dagen, lengste natta. Vintersolverv. Det er knyttet mye fint til vintersolverv, spesielt i samisk tradisjon. Det sies at dagen kan brukes til refleksjon, til å ta farvel og ønske noe nytt velkommen. Foto: mai.elise
22.12 Vi går mot lysare tider. Foto: jormahe
Universelt joletre - The Christmas Tree Cluster - Joletrehopen, Snøflaktåka og fødselsavdelinga Kjegletåka, Cone nebula. Joletrehopen er ein relativt nydanna stjernehop dominert av blå-kvite heite stjerner, gravitasjonen har samla stoff og vidare danna mange nye stjerner heile 30 lysår på tvers i ein avstand på 2600 lysår, i Monoceros, Einhjørningen. Tåka er ikkje lett å sjå i små teleskop, men er "dramatically revealed on long-exposure photographs." (Burnhams p1210). Kjegletåka (der 'stjerna' er) er ei fødestove for nye stjerner. Total eksponeringstid er eit par-tre timar november-desember, få steg for fotografen, lysår for sensoren. Foto: tryggve_kaotidl
God Jul from the white snowed fjords. Foto: wild.selkie.art
Julafta på Sjåstavarden. Foto: bardingeflode
Kveldsmagi kvelden før kvelden. Foto: karoline_hildenes
Desse dagane må nytast. Finn du juletreet? Foto: karoline_hildenes
#nature_brilliance Foto: bardingeflode
Blåtime, Ålfoten kyrkje Julafta 2022. Foto: Rune Rindal
Endelig er huset sjukdomsfritt (bank i bordet), og ein kan opne dørene for gode venner. Foto: karoline_hildenes
Julestemning på Eid. Foto: randitveitsolheim
#nordfjord #eidkyrkje #veslejulaftan Foto: randitveitsolheim
I filmen Reisen til julestjernen som kom i 2012 er det ein stjernetydar, og han diktar og vasar for det meste, men så snakkar han om eit stjernebilete som heiter noko så tøft som Equuleus, følet. Det finst, faktisk. Astronomien søkjer det som finst, ikkje som astrologien som baserer seg på spådom og tull og tøys (økonomisk vinning?). Sjølve stjernebiletet er mindre tøft enn namnet, nokså lite og utan særleg spennande objekt, bortsett frå namnet EQUULEUS, - eit føl, altså, men eg er ingen hestekjennar, så eg veit ikkje om det liknar på eit føl ein gong, men tvilen har sett seg i meg. Viss du vil sjekka sjølv så kan du gjera som i Bjelleklang; "føll' oss ut, føll' oss ut", - for å sjå etter når det byr seg. Den nederste stjerna er sterkast, og har nemninga Alpha Equulei, eller Kitalpha. Kitalpha kjem frå arabisk 'Qit'at al Faras', som betyr 'del av ein hest', eller omtrent som kommunevåpenet til Stad kommune, ein kommune som òg har mange stjerner, men du kan zooma inn og telja stjernene Equuleus, det spørst om ikkje Equuleus overgår det meste i kvantitet. Stjerna øverst til venstre, Delta Equulei, eller Pherasauval, betyr 'den fyrste hesten'. Stjerna ligg omlag 60 lysår borte. Berre eit lite utsnitt med eit 200mm objektiv avdekkar eit mylder av stjerner. Heftig, viss du tenkjer etter. Fakta er finast. Har du ikkje sett dette stjernebiletet? Foto: tryggve_kaotidl
Hvit jul på Alsåker. Foto: Lill Nordheim