Tamburstuen var tydeleg i sine krav til endringar i kraftpolitikken.

– Vilkåra rundt dei to siste kraftkablane til utlandet må reforhandlast og norsk vasskraft brukt i Noreg, må frikoplast kraftutvekslinga med utlandet, sa Tamburstuen. Han har tidlegare har vore statssekretær i Olje- og energidepartementet og i Industridepartementet

Han ville fjerne systemet med straumseljarar som førte til ei uakseptabel fordyring av krafta på kostnad av norske forbrukarar og arbeidsplassar. Tamburstuen tok sterkt til orde for at den norske staten skulle kjøpe tilbake kraftbørsen som no er utanlandskeigd.

– Dei offentlege selskapa, Statkraft og Statnett, men også dei regionale og kommunale kraftselskapa, må styrast av folkevalde og ikkje økonomar og marknadsliberalistar, sa den tidlegare statssekretæren ifølgje ei pressemelding frå Sogn og Fjordane Nei til EU.

Tamburstuen kom også inn på EU sin 4. energipakke:

– Her må Noreg ta i bruk den reservasjonsretten som ligg i EØS-avtalen, elles vil kraftpolitikken bli ført endå meir på avvegar, sa han tydeleg frå om.