Av Svein Fjørstad, ref.:

Her vart dagen markert av Eid pensjonistlag ved ei tilstelling på Cats, der 43 pensjonistar hadde møtt fram.

Leiaren i Eid pensjonistlag, Martha Haugen, ønskte alle velkomne med nokre velvalde ord, før Irene Wedvik las diktet «Vennehand» av Haldis Moren Vesaas, med stor innleving.

Så var det tid for ein song, og «La oss leve, for kvarandre» klang vakkert gjennom lokalet, med tonefølgje av dei trugne musikarane Jon Inge og Dagfinn. For å skape gode sosiale relasjonar rundt borda, vart det kaffiykt med eplekake og is tidleg på programmet, og praten gjekk livleg rundt borda.

Etter denne sosiale ykta hadde nestleiar Svein Fjørstad ordet, og tok føre seg det som var hovedtemaet på eldredagen dette året, brot på menneskerettane. Han kommenterte i den samanheng at her i Norge, med alle våre velferdstiltak, har dei eldre ikkje så mykje å klage over, samanlikna med tilhøva i mange andre land. Men mangt kan sikkert bli betre også her hos oss! Han siterte deretter frå eit dokument utarbeidd av Pensjonistforbundet sentralt, som munna ut i 6 krav:

1. Kommunene sine frie inntekter må aukast. 2. Husbanken sine tilskotsordningar til etablering og oppussing av sjukeheimar

og heildøgns omsorgsbustader må styrkast. 3. Det må utdannast og rekrutterast fleire til den kommunale helse-og omsorgstenesta. 4. Omsorgstenestene må organiserast betre, med arbeidsvilkår som gjer at fleire vil jobbe og halde fram i sektoren. 5. Regjeringa må straks følgje opp Stortinget sitt vedtak frå 2021 om å etablere nasjonale retningslinjer og meldeplikt ved vold/overgrep etc. mot eldre. 6. Alle kommunar må ta i bruk «TryggEST». (Ein modell for å hjelpe kommunane med forebygging, avdekking og handsaming av vold og overgrep mot risikoutsette vaksne.)

Etter dette

alvorsprega innslaget, muntra John Mathias Garlid forsamlinga med ei humoristisk og informativ orientering om golfsporten. Han hadde med seg fleire køller, og demonstrerte både rett og feil bruk av desse. Han poengterte at det var viktig å ta eit grunnleggande innføringskurs, slik at ein ikkje utgjorde nokon fare for andre, når ein svingar kølla si! Elles var det fleire som hadde spørsmål om kursing, medlemsskap, kostnad, bruk av golfbana på Stokkenes m.m., og Garlid svarte villig på alle spørsmål. Han konkluderte med at golf er ein aktivitet som passar godt for seniorar, og at det ikkje treng å vere så dyrt som mange trur. Ein kan kjøpe brukt utstyr, og ein treng ikkje eit heilt arsenal av køller. Det er berre å ta kontakt med golfklubben (Nordfjord golfklubb) dersom ein har lyst til å prøve seg!

Etter at Garlid hadde veiva frå seg med køllene sine, var det Thorleif Jakobsen sin tur til å kome med sitt bidrag. Han viste bilete frå turen til Vauldalen og Røros i august ved PP-presentasjon, og kom med utfyllande kommentarar undervegs. Det er alltid kjekt å sjå seg sjølv på bilete, også for seniorar, og det var fint å få repetere denne opplevingsrike turen på nytt!

Så var det tid for ei ny sosial stund med prat, kaffi, karbonadesmørbrød og lotteri, der gevinstane var gåvekort frå ulike forretningar på Nordfjordeid. Og etter litt meir musikk, allsong og diverse praktisk informasjon, takka Martha for frammøtet og ønskte alle vel heim.