Sogn og Fjordane – endringar og vegen vidare

Vårens Ungdata-undersøking syner at ungdom i Sogn og Fjordane trivst godt, og det er kjekt.

Då Statistisk sentralbyrå i juni la fram dei nyaste tala for gjennomføring i vidaregåande opplæring, var Sogn og Fjordane best på gjennomføring både i studiespesialiserande og innan yrkesfag. Vi er gode og leverer bra resultat fordi vi har hatt mål og strategiar innanfor opplæring, og det har blitt gjort gode grep på skulane. Det er ikkje tilfeldig at vi er gode; vi har satsa og vore framoverlente.

Utfordringa kjem når vi skal motivere ungdomane til å etablere seg i fylket vårt i vaksen alder. Ungdomen er framtida vår, og vi lyt leggje til rette for at unge arbeidstakarar, både faglærde og med høgare utdanning, å sjå føre seg eit spanande jobbliv utanfor dei store byane våre.

Sogn og Fjordane er eit framtidsretta fylke, og det vil vi framleis vere om vi blir del av ein større vestlandsregion. Naturen er kanskje det største fortrinnet vårt. Ho gir oss eit godt utgangspunkt for å lage fornybar energi, og vi har bedrifter med stor verdiskapning innan både vasskraft, vindkraft og solenergi. Vi har i mange år satsa på entreprenørverksemd, og har mange gode døme på bedrifter som har lukkast og som bidreg til lokalsamfunnet med arbeidsplassar. Næringslivet i Sogn og Fjordane er blant dei mest lønsame i landet, men etableringsaktiviteten i fylket er framleis relativt låg. Difor er det viktig at det er verkemiddel på plass, at verkemiddelpolitikken er gjennomtenkt, og at verkemiddelapparatet er godt førebudd slik at vi evnar å fange opp gode initiativ. Sentrale aktørar i fylket har saman utarbeidd ein verdiskapingsplan for fylket vårt, og denne planen har som hovudmål å medverke til auka folketal i Sogn og Fjordane. Her vert det føresett at det offentlege og private arbeider godt saman for at Sogn og Fjordane skal vere ein konkurransedyktig region, og det bør vi halde fram med.

I stortingsmeldinga «Bærekraftige byer og sterke distrikt» definerast hovudmålet for regional- og distriktspolitikk med at ein må leggje til rette for å oppretthalde hovudtrekka i dagens busetjingsmønster, og at ein ynskjer regional balanse gjennom vekstkraft, likeverdige levevilkår og bærekraftige regionar i heile landet. Forsking viser at folketalsutviklinga i landet vårt kan forklarast av arbeidsplassutvikling i kommunane/ fylket der folk bur, eller i nabokommunane, og korleis moglegheitene er for pendling . Val av lokalisering for statlege arbeidsplassar kan bidra til å støtte oppunder lokale kompetansearbeidsplassar og bidra til å utvikle robuste regionale arbeidsmarknader.

Naturen er kanskje Sogn og Fjordane sin aller fremste kvalitet med høge fjell, djupe fjordar og vakre fossefall. Den spektakulære naturen og alle moglegheitene naturen gjev er ei viktig merkevare for Sogn og Fjordane, og eit trekkplaster for tusenvis av turistar kvart einaste år. Naturen har òg påverka korleis og kvar folk har buset seg i fylket vårt, og topografien gjev oss nokre utfordringar.

Arbeidsmarknaden sin storleik vert direkte påverka av moglegheitene innanfor kommunikasjon. Dynamiske arbeidsmarknader føreset eit godt transportnett i form av infrastruktur og transportsystem. Infrastrukturtiltak som bind mindre arbeidsmarknader saman kan medverke til å skape robuste arbeidsmarknader . Spreidd busetjing saman med eit dårleg vegnett gjev små arbeidsmarknader, og føresetnadane her i Sogn og Fjordane er slik sett annleis enn mange andre stader i landet. Når om lag halvparten av ressursane i Nasjonal Transportplan går til tog-satsing på austlandet, er det klart at ein framleis har ein jobb å gjere for å synleggjere kor viktig det er med oppgradering av vegane her vestpå, ikkje minst for næringslivet sin del.

Høghastigheitsbreiband er ei anna viktig satsing som gradvis kjem på plass i fylket vårt, og målsetjinga er at alle skal ha tilgang innan 2020. Eit godt breibandtilbod er viktig å få på plass, og det gjev potensial for staduavhengige kompetansearbeidsplassar, nye bedrifter, formidlingstenester, velferdsteknologi innan helse og omsorg, bærekraftig befolkningsutvikling og positivt omdøme .

Regjeringa la tidlegare i år fram ei perspektivmelding, som peiker på trendar innanfor samfunnsutviklinga, som kan gi oss utfordringar framover.

• Vi blir fleire eldre, vi lever lengre, og velferdssamfunnet skal bere denne auka levealderen.

• Vi treng betre integrering for å få fleire nye landsmenn i jobb.

• Klimautfordringa er global og må løysast globalt. Likevel lyt alle bidra, alle monnar drar heilt ned på enkeltmannsnivå.

• Statens pensjonsfond må forvaltast fornuftig, for fondet vil ikkje auke på same måten som tidlegare.

• For at framtidige generasjonar skal kunne leve tilnærma like i dag, må vi bli meir produktive og tenkje nytt. Noreg lyt jobbe meir, og meir effektivt.

Korleis kan Sogn og Fjordane bidra til auka verdiskaping i Noreg? Korleis kan vi skape ein endå betre og meir allsidig arbeidsmarknad? Korleis kan vi motivere bedrifter, ungdom, vaksne – alle- til å etablere seg her?

Arbeidsløysa her i Sogn og Fjordane er låg og vi har høg grad av sysselsetjing, men det er ingen grunn til å kvile på laurbæra. Arbeidsinnvandrarar og flyktningar er ein viktig ressurs som vi i større grad må integrere i samfunnet vårt, og få nye tilflyttarar til fylket til å ynskje å slå seg ned her permanent. Sogn og Fjordane er eit av fylka som i minst grad klarar å halde på flyktningbefolkninga si. Det viser at integreringsutfordringane skildra i perspektivmeldinga i høgste grad også gled vårt fylke. Den gode nyheita er at andelen av dei busette flyktningane som vel å bli buande i fylket er vesentleg høgare enn i tidlegare år, og at utviklinga har vore blant dei beste i landet. Kommunane våre treng folk og arbeidskraft – innvandringa gjer moglegheiter, og framleis næringsutvikling føresett tilgang på tilstrekkeleg og relevant arbeidskraft.

Endringar kjem anten vi vil eller ikkje. Nokre ting blir betre, meir effektivt, vi ser større samanhengar og vert meir framtidsretta – og andre ting var kanskje betre før. Utvikling skjer uansett og det er framleis ingen som kan spå i framtida, men ein kan sjå konturane av kva retning utviklinga tek og kva som bør jobbast for i åra som kjem.