Namn: Isabell Viktoria Kaupang Os

Alder: 16 år

Bustad: Nordfjordeid

Husdyr: To hestar, ein hund, to marsvin og ein gekko

Skule/yrke: Eid Vidaregåande skule og Fotografen Eide

Kva planar har du i sommar?

– Eg har jobba her hos Fotografen Eide mesteparten av tida. Denne veka skal eg reise til Ungarn med søskena mine og mamma. Vi ska shoppe og kose oss.

Kva er ditt beste sommarminne?

– Eg har ikkje vore på ferie i år enno, så i år må eg seie då eg tok første badet saman med to kompisar.

Kva er di draumereise og kva tre personar ville du hatt med?

– Det trur eg er Bali saman med mine tre bestevennar.

Korleis ser ein perfekt sommarkveld ut?

– Å sitte ute i hagen, med bål og teppe og ha det kjekt saman med familien.

Det blir ikkje sommar utan…

– Is.

Favorittmat/drikke om sommaren?

– Det er grillmat og iste.

Ditt beste tips til kva ein kan gjere på Eid i sommar?

– Gå turar, ha piknik og bade i Osvika og Sagaparken.

Har du nokre hobbyar?

– Eg er delvis fritidsfotograf, symjetrenar og så trenar eg.

Kva er du flink til, og kva er du dårleg til?

– Eg er flink til å lytte til folk, og dårleg til å starte ei samtale.

Beskriv deg sjølv med tre ord?

– Snill, stille og morosam.

Er det noko du engasjerer deg for?

– Eg engasjerer meg i å lære born i symje og vise at vatnet er trygt å vere i og at det ikkje er ein skummel plass. Eg trenar alt frå barnehageborn til dei som går i femteklasse.

Kven eller kva ville du tatt med deg til ei aude øy?

– Mamma. Eg klarar meg ikkje utan ho.

Kva ville du gjort om du vart lottomillionær?

– Då ville eg ha pussa opp garden heime.

Kva statsleiar/artist ville du ete middag med og kvifor?

– Eg trur eg ville ete middag med Rihanna fordi eg tykkjer ho er ei utruleg fin dame.

Kven vil du gje ein blome til?

– Det trur eg må vere veslesøstrene mine.

Kva syntest du om at Eid og Selje skal bli Stad kommune?

– Eg har i grunn ikkje tenkt så mykje over det så eg har ikkje veldig store tanka om det. Eg tykkjer det er heilt greitt.

Kva meiner du om Eid som cruisedestinasjon?

– Eg tykkjer det er kjempefint at det kan kome fleire turistar og så får dei sett kor fint det er her.

Kva er den beste sommarlåten 2018?

– DDE med Det fine vi hadde saman. Eg høyrer på denne låten heile året, men mest om sommaren. Den er fin.

Draumeartist til Malakoff?

– Eg høyrer på all mogleg musikk, så eg veit i grunn ikkje.

Kva skal du lese i sommar/beste sommarbok?

– Hagen i Hartington av Santa Montefiore. Eg har lese boka før, men ikkje slutten så eg les den igjen.

Kva serie ser du på akkurat no?

– Sherlock Holmes.

Kvar kunne du tenkt deg å bu?

– Litt utanfor Oslo. Kanskje Lørenskog for der har eg bestemor og mesteparten av familien min.

Korleis ser framtida ut?

– Etter at eg er ferdig med andre året på elektro skal eg ta påbygg. Eg har tenkt å studere, men eg veit ikkje heilt kva enno.

Les fleire sommarpratar her