For Harpefossen Skisenter er sjølvsagt vêrskiftet gledeleg nytt.

– Vi har hatt ein litt grå og våt start på vinteferien, med plussgrader og regn den fyrste helga. No er det heldigvis varsla kaldare vêr, og då ser det straks litt lysare ut for at vi kan få meir vintelege forhold med påfyll av natursnø og minusgrader her på Harpefossen siste del av ferieveka, heiter det i ei pressemelding frå skisenteret.

Fire heisar opne

Denne veka vil det vere fire heisar opne kvar dag på Harpefossen. Dette gjeld Enerskiheisen, det nye tautrekket, Miniheis vest og Fjellheis J til mast nr 6.

– Vi har ikkje mykje natursnø igjen, men vi har bra med kunstsnø og fine forhold i skileikområdet og barnebakken, og deler av hovudtraséen, melder Harpefossen Skisenter.

Kunstsnøen har blitt brukt til å få på plass ein del hopp og parkelement, Big Bag’en er opna, og ein står på for å gje eit så bra tilbod som  råd med dei avgrensa snøforholda ein har hatt den siste tida.