I Selje prestegard blir det i sommar pilegrimsmottak og kulturstove, med ope kvar dag.

To guidar blir på plass, og kvar fredag og laurdag blir det gratisbutikk med klede. Om søknad bruksendring går i orden blir det også servering og overnatting for pilegrimar.

Tonje Ramse Trædal frå kulturavdelinga i Stad kommune er også dagleg leiar for Selje regionale pilegrimssenter, som er i hovudhuset på Selje prestegard.foto: Foto: arkiv

Planen er også omvising i dei ulike husa i tunet, slik som eldhus, skulestove, borgstove og stabbur.

Det blir også stempeljakt for barn tilknytt pilegrimshistoria og klosteret.

Pilegrimar kan også nytte rutene frå Liset til Dragseidet, ut til Selje kloster og den gamle postvegen frå Rimstaddalen til Berstad.

Gratisbutikken får besøk frå både fjern og nær. I mai var desse frå Førde/Oslo innom. F.v.: Ingrid Ytrehus frå Førde, barnebarn Iben og dotter Mari Moldestad som bur i Oslo. Foto: Inger Træen
Pilegrimsleia frå Kinn til Selja, Sunnivaleia, er ein del av Kystpilegrimsleia frå Egersund til Trondheim. Frå Selje kan ein også gå mindre pilegrimsleier i nærområdet. Foto: Inger Træen