– Dei har blitt oppringt frå eit mobiltelefonnummer (90722145) som er registrert på Vest politidistrikt. Personen som ringer opplyser  å vere tilsett i Vest politidistrikt. Vedkomande hevdar at dei som blir oppringt er utsett for bedrageri, og ber dei gi frå seg personlege opplysningar slik at saka kan etterforskast, opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding i kveld.

Dette er svindel, og dei som blir oppringt må ikkje gi frå seg verken personleg informasjon eller bankopplysningar, ber politiet.

– Om nokon har blitt oppringt og svindla, kan dei kontakte politiet på tlf: 47696060, ber politiet.

Eventuelle forsøk på bedrageri kan ein anmelde på Politiet.no.