– Noreg har eit ansvar for å vege opp for den sosiale og miljømessige kostnaden knytt til eit så stort forbrukt av batteri. Dette er eit samansett problem som vi berre kan ta tak i ved å samarbeide med alle aktørar gjennom batteriet si levetid, seier førstelektor ved UiO , Matylda N. Guzik.

Postdoktor ved UiO Atia Azad har Guzik som rettleiar og forskar på brukte bilbatteri for å få ei oversikt over heile levetida og verdikjeda til batteria, frå produksjon, til gjenbruk og gjenvinning i Noreg. Av dette vil ho finne ut om dei brukte batteria kan brukast til å lagre straum frå sol- og vindkraft.

Azad reknar med å få ein eksponentiell vekst i tilgang på gamle bilbatteri frå elbilar.

– Når dei ikkje lenger er eigna som bilbatteri har dei som regel 80 prosent av kapasiteten igjen. Dei kan bidra til å jamne ut straum frå sol- og vindkraft. I sitt andre liv kan dei fungere nesten like godt som nye batteri, forklarar Azad.

Sidan batteria framleis har mykje kapasitet igjen, er det dumt å sende dei til resirkulering med ein gong. Azad reknar med at som batteripakkar for sol- og vindkraft, vil batteria kunne brukast til kapasiteten er nede på 60 prosent.

(©NPK)