− Kvifor har du valt å flytte tilbake til Nordfjord?

− Eg flytte til Måløy for tre år sidan. Då skulle eg eigentleg berre vere heime i ein sommar, men slik blei det ikkje.

− Kva var mest avgjerande for flyttinga?

− Eg blei tilbydd ei stilling som restaurantsjef på Kraftstasjonen Restaurant og Kolonial, Dette var ei muligheit eg ikkje kunne seie nei til.

− Kva sakna du mest då du budde borte?

− Familien, særleg tantebarna mine.

− Er det noko du brenn for på heimplassen?

− Sidan eg tek to utdanningar på same tid, er det nok ikkje mykje tid til overs for fritidssyslar, men eg håpar å kunne bruke meir tid på organisasjonar som 4H når eg er ferdigutdanna.

− Korleis er livet ditt om ti år?

− Det er alt for langt fram i tid. Eg tek ein dag om gongen.

− Kva skulle du bli då du var 12/14 år gamal?

− Då eg var 12 år var det min store draum å bli bilmekanikar som pappa. No er eg glad eg skifte meining i løpet av ungdomstida.

− Kva er du mest fornøgd med i livet ditt no?

− Eg er veldig fornøgd med den nye jobben min på Aske gatemat og bryggeri. Å starte som kokkelærling er utfordrande og spennande. Ikkje minst er det lærerikt å jobbe med Khang og Silje på kjøkkenet.

− Kva er den største forskjellen på livet i byen og livet på bygda?

− Då eg budde i Bergen og Oslo gjekk all tida til jobb, og det var langt å reise heim for å sjå familien. Her heime er det lettare å kunne vere med familie og vener på fritida.

− Kva har opptatt deg mest i det siste?

− No er det eksamenstid i lærarstudiet, så all tid utanom jobb går til studiet. Eg gler meg til å kunne ta sommarferie frå bøkene nokre månader.

− Kva synest du om jobbtilbodet i distriktet?

− Det har eg ikkje sett meg inn i.

− Føler du at du no har du fått realisert deg sjølv?

− Eg føler at eg er på god veg. No gjeld det å bli ferdig utdanna kokk og yrkesfaglærar.

− Kva synest du om «nye» Nordfjordeid?

− Det er kjekt å sjå at dette trekker meir folk til Eid, men det er trist å sjå alle dei tomme vindauga i Eidsgata.

− Kva medium brukar du for å oppdatere deg på nyhende?

− VG, Dagbladet, NRK, FJT og Fjordabladet.

− Skal du på Opera Nordfjord til hausten?

− Nei, eg vil heller stå på kjøkkenet og laga mat til alle som kjem og et på Aske før og etter framsyninga.

− Kvar går årets ferietur?

− Til varmare strøk. Kvar veit eg ikkje ennå.

− Kva har du på nattbordet?

− Ein lampe.