Ut på tur i området Selje/Stadlandet har vorte populært, som her frå Mosekleivhornet 540 moh. – med utsikt ned i Hoddevik. Foto: privat

I Nordfjord er det mange tilbod for å ha ein aktiv sommar.

– Fleire yngre har begynt med golf siste åra, konstaterer Stian Aaland, som jobbar ved Chatlet Sport 1 Nordfjordeid. På sportsbutikken ser dei klart kva som er mest populært og har størst interesse av sports- og friluftsutstyr.

Revjehornet er eit fint turmål. Foto: privat
Frå dagsturhytta på Risnakken har ein god utsikt over Selje. Foto: privat

Åra pandemien herja gjorde at fleire fann turen ut i fjell og mark.

– Det er mange som har fått utforska fjellheimen, og det har eg sjølv gjort. Etter at Opptur-boka for Stad kom i fjor har fleire fått auga opp for fjella på Stadlandet og i Selje. Det er veldig mange fine turar dit. Elles er det flotte turmål i alle bygder i heile Stad. Det er litt av ein luksus, seier Aaland.

Det er flotte turmål i alle bygder i heile Stad. Det er litt av ein luksus.

Ved Eid vgs. ligg to utandørs padelbaner, og interessa har skote i vêret. Foto: privat

Padeltennis

For to år sidan kom to splitter nye padeltennisbaner ved Eid vidaregåande skule – og var dei første i Vestland. Etter det har interessa skote fart. Dette er ein idrett som veks og som har ein eksplosiv auke i heile landet.

– Elles håper vi på sol og sommar og meir bading, ettersom sommaren var så regnfylt som den var i fjor, smiler Aaland.

Vi håper på sol og sommar og meir bading, ettersom sommaren var så regnfylt som den var i fjor.

Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid tilbyr riding på fjordhest gjennom sommaren. Foto: Norsk Fjordhestsenter
Hamna Aktivitet og Helse er eit treningssenter med buldrehall og eigen klatreavdeling for barn. Foto: Olin Maria Yri

Mykje å velje i

Det er mykje å velje i om du vil ha ein aktiv sommar – enten du vil prøve deg med klatring eller spele golf – slike type ting der du sjølv kan bestemme tidspunkt og når du vil vere aktiv.

I Stad kommune er det to nihols golfbaner – både Stokkenes golfpark på Nordfjordeid og i Selje.

Med laksefiskarar i Eidselva som nærmaste nabo ligg Stokkenes Golfpark idyllisk til på Nordfjordeid. Foto: Ingebjørg Nilsen

Idyllisk golfbane ved lakseelv

Nordfjord Golfklubb på Stokkenes tar imot turistar og leiger ut utstyr.

Bana er relativt kort på tre kilometer, men er likevel utfordrande og har naturlege terrassar for kvart hol.

Både på Stokkenes Golfpark og i Selje finn du nihols golfbaner. Foto: Ingebjørg Nilsen

Alle som vil kan kome og slå ballar på driving rangen, då kjøper ein berre ei bøtte med ballar. Utstyr elles kan ein låne. Om du derimot skal på bana og spele golf, så må du ha kurs.