Tema for utstillinga er «Lys og linjer i landskapet», og dei fleste av maleria viser nettopp dette.
Reidun Øverås fortel at ho går mykje ute på tur i skogen og på fjellet og hentar energi og inspirasjon frå naturen. I arbeidet med denne utstillinga har ho i hovudsak konsentrert seg om det vestnorske landskapet, der ho føler at ho høyrer til.
– Min intensjon er å få fram det typiske her; dei dramatiske vêrskifta, kjensla av fleire årstider på ein dag, lyset du opplever når uvêret er over og lyset over fjellet om kvelden. Linjene som viser seg i landskapet og er i stadig endring, blir eg aldri lei av, seier Øverås. Ho leitar etter det enkle og tidlause i biletformidlinga, og ønskjer å få fram ei stemning eller ei oppleving, meir enn å gjengje akkurat det ein ser.
Øverås har måla sidan 2002, først akryl og litt akvarell, seinare mest olje. I 2008, 54 år gamal byrja ho på Ålesund kunstfagskule der ho gjennomførte ei toårig utdanning i visuell kunst.