Dei kjem frå Sykkylven på Sunnmøre, og har hytte på Sandviksneset i tidlegare Selje kommune.

Det er vel ei mil frå Selje sentrum, og litt lenger til Måløy andre vegen. Her ut mot storhavet har dei funne sitt ferieparadis, og reiser hit rundt ti gonger i året.

– Det er mykje å sjå og oppdage på Stadhalvøya, ut mot Barmøya og på Silda. Vi reiser rundt både med bil og båt, og oppdagar stadig nye reisemål vi kan besøkje på ein dagstur eller ein kveldstur, seier far Mathias Grebstad frå Sykkylven. Saman med kona Malin Johannessen og dei to barna Adelen (6) og Adrian (4) set han seg mange gonger i året i bilen for å ta turen ut mot kysten i ytre Nordfjord.

Reiser rundt

– Vi har flotte plassar som Ervika, Hoddevika og Vestkapp til dømes. Så kan vi også reise sørover mot Kråkenes og Refviksanden, seier familien som både likar seg på land og på sjøen i båt.

Hytta deira er det gamle skulehuset på Sandviksneset som foreldra til Mathias kjøpte for rundt ti år sidan. Her har dei både hytte, natur, sjø og båt.

– Ungane likar godt å leike i fjøra, fange krabbe og anna som dei finn i sjøen, seier foreldra som nyttar feriestaden frå april til ut i oktober.

– Er det fint vêr tek vi båten og reiser ut til Silda, Barmøya eller andre mindre øyar i området her, seier dei.

Og kva kan ein finne på av aktivitetar på Stadhalvøya, Selje og sørover mot Flatraket? Her kan du bade på Seljesanden, surfe i Hoddevika eller i Ervika, ta ein båttur til Seljeøya og oppleve historiske Selje kloster.

Eller du kan ta turen frå indre Fure til veglause ytre Fure. Eller ein tur utover mot kystplatået Kjerringa og Vestkapp med eigen restaurant.

496 meter over Stadhavet ligg vakre Vestkapp, som er eit av dei mest spektakulære utsiktspunkta på kysten av Norge.

Fjellklippa er nesten flat på toppen og stuper bratt ned i havet. På fine dagar har ein panoramautsikt i alle himmelretningar, til Sunnmørsalpane, Hornelen, Ålfotbreen og det frykta Stadhavet.

Hoddevik er ein av dei mest kjende surfeperlene i Norge. Og ytst på Stadlandet finn du Ervik, ei lita bygd som rommar mykje historie og aktivitet. Ervik er også kjent for å vere ei av dei beste surfestrendene i Norge.