Årets aktivitetsveke er allereie i gong, og går av stabelen 30. juni-8. juli. – Her er det berre å sette av datoane og glede seg – for her vert det noko for ein kvar smak, lovar Tone Hoddevik Drage i Stadlandet IL.

Aktivitetar på banene med volleyball, tennis og skating på Leikanger er også noko som høyrer med under Sommaraktive Stad. Foto: Tormod Flatebø

Kjempesuksess

– Programmet er ala det same som tidlegare år. Det har vore ein kjempesuksess tidlegare, og vi treff så mange aldersgrupper. Dette er noko både dei små og store kan vere med på, for det vert litt av alt mogleg, seier Hoddevik Drage.

Det vert også i år vassdag – med surf og sup på Ferstad/Hoddevik.

– Det vert tradisjonen tru jonsokfeiring i Hoddevik, og skyting på Dragseidet, fortel ho.

I Ervika drar ein på tur, medan ein i løpet av veka kan prøve seg både på tennis, volleyball eller fotball.

– Det blir det meste, lovar Hoddevik Drage.

Det blir det meste.

Dei heile vert avslutta med dans på Stad hotell.

– Det blir ikkje ein vanleg Korsadag, som folk er vande med, seier ho.

– I år har vi søkt støtte frå Gjensidigestiftelsen. Desse pengane gjer det mogleg å gi ungdom her ute sommarjobb, så dei kan hjelpe til med arrangementet og dei ulike aktivitetane. Dette er nytt i år, og gjer det mogleg for ungdom å tene seg nokre kroner for å hjelpe lit i forkant og under arrangement. Det er mykje god arbeidskraft i 15-17-åringar, påpeikar ho.