– I fjor var som eit oppstartsår etter koronaen. Vi sit no med eit prøveår bak oss, og er verkeleg klar for ny festival. Vi gler oss stort, seier Arnt-Ivar Naustdal og Gunn Helene Guddal i festivalleiinga.
Dei lovar tre rå festivaldagar: – Unike musikkopplevingar. – Den råaste festivalcampen. – Malakoff Waterfest. – Alle dei fine folka.
Unike dagar
– Vi har ei blankpolert organisering. Det vert tre heilt unike dagar, ei spesiell helg for alle, seier Naustdal. Som festivalsjef er han stolt over programmet som står på plakaten.
– Heilskapen i programmet er så bra, og at vi kan tilby dette på Nordfjordeid er unikt, seier han.
Festivalsjefen viser til Kaleo, der Malakoff er den einaste spelestaden i Norge. Det å ha fått Emire State Bastard og The HO er også spesielt.
– Men det er totaliteten i programmet som gjer festivalen vår unik, meiner dei.
Det er totaliteten i programmet som gjer festivalen vår unik.
– For fleire er artistane ukjente, men vi har gjennom mange år tatt på oss oppdragarrolla innan musikk. Fleire får ei aha-oppleving etter ha høyrt på ulike grupper på Malakoff. Det likar vi, for vi skal ikkje berre gi folk det dei vil ha, seier Naustdal.
– Vi legg til rette for at mange skal få ei god oppleving, fortel festivalleiinga. Også i år vert det stor camp på festivalområdet – med 1.000 telt og 4.000 personar. Malakoff er einaste festivalen i landet som har teltcamp.
Malakoff Waterfest
Nytt i år er at festivalen har berre to scener. Det vert ingen lavvoscene i år. Samarbeidet med Sommarlutt er heller ikkje i år. – I år har vi satsa på «dødskonkurranse», der vi riggar opp stupetårn på 10 meter på Totlandskaia. Dei beste hopparane innan dette kjem til Nordfjordeid. Dette er store stjerner på tiktok. I tillegg kan lokale og tilreisande melde seg på, fortel Naustdal. – Dette vert nok ein folkefest, der mykje folk vil kome for å sjå. Dette arrangementet er gratis og vår gåve til lokalbefolkninga og Malakoff, seier festivalsjefen.