Frå gårsdagens bussvelt på Rv 52 i Mørkedalen i Lærdal. Foto: Statens vegvesen / NTB / NPK

Dette er situasjonen ved 12-tida:

* Fylkesveg 50 Hol-Aurland er stengt mellom Berdalstunnelen og Myrland på grunn av uvêr og rasfare. Opning er førebels sett til klokka 14.30.

* Riksveg 7 Hardangervidda er stengd, og det skal gjerast ei ny vurdering klokka 18.

* Riksveg 15 Strynefjellet. Berekna tid for opning er klokka 15.

* Riksveg 13 Vikafjellet er stengt på grunn av snøskred. Det blir gjort ei ny vurdering onsdag klokka 11.

* Riksveg 52 Hemsedalsfjellet har kolonnekøyring.

* Riksveg 53 Tyin – Årdal er stengt. Berekna opning er klokka 18 tysdag, men tidspunktet er usikkert og kan endrast.

* Riksveg 27 Venabygdsfjellet er stengde. Berekna opning er klokka 18 tysdag, men tidspunktet er usikkert.

* E6 Dovrefjell er open for trafikk, men det er ifølgje Vegvesenet fare for at vegen blir stengd.

* E134 Haukelifjell er open for trafikk etter å ha vore stengt tysdag morgon.

(©NPK)