– Sjølv om saksmengda stadig har vorte større siste åra, har også saksavviklinga vore svært god, slik at restansane jamt har gått ned. Situasjonen etter eit dårlegare år i 2016, er at vi ved dette årsskiftet på nytt har greitt å ekspedere nesten det doble av kva vi har fått av nye krav. Dette har også gjort oss i stand til å ta saker elles i fylket, fortel jordskifterettsleiar Eivind Helleland.
Av årsmeldinga går det fram at det i 2017 kom inn 22 nye sakskrav, medan 39 saker vart slutta.
I alt vart det avmerka 74 km grenser, mot 8 km året før og innmålt 479 grensemerke mot 207 i 2016.
Talet på partar i dei slutta sakene er 568 mot 161 året før.
Slutta saker i 2017:
Gloppen kommune:
Austrheim
Ryggjaelva
Kolebakkane
Sande
Kvile
Hunskår
Selje kommune:
Maagenes
Høgfjellet
Lillesalt grense
Salt 1
Nygaard
Drage ytre
Langenes
Salt 2
Leikanger
Notabrøtla
Stryn kommune:
Melkevoll
Svarstadvik
Ytreeide
Bersæter
Blaksæter 1
Blaksæter 2
Kirkeeide
Berg nedre
Eid kommune:
Lefdal
Åsane naturreservat
Heggen
Hjelle
Navelsaker
Mel-Skårhaug
Sørland
Åsebøstøl
Holmøy
Leivdal
Skårhaug
Vågsøy kommune:
Kvalheim indre
Stallbrekka
Tytingvåg
Flora kommune
Høydal
Medan det somme andre stader er i landet er inntil to års ventetid på å få behandle saker, er det no i praksis ikkje ventetid ved Nordfjord jordskifterett.
Eivind Helleland opplyser at retten, om det er naudsynt, prioriterer saker med stor samfunns- eller privat nytte, til dømes fallrettssaker, grensetvistar og tilleggsjord-/delingssaker.
Har overlevd
Nordfjord jordskifterett har førebels overlevd i kampen mot sentralisering, og reknar med å vere «freda» nokre år framover. Det er i arbeid ein regjeringsnedsett kommisjon. Domstolen reknar tilhøva å vera stabile inntil politisk handsaming av kommisjonen sitt arbeid.
Nordfjord
Jordskifteretten er ein spesialdomstol for eigedom. Nordfjord jordskifterett femner om kommunane Stryn, Hornindal, Eid, Gloppen, Vågsøy og Selje. Domstolen held til i Postgarden på Nordfjordeid.
Retten fokuserer på jordskifteretten si særstilling som domstol som gjer at ein til dømes kan avklare eigedomsrettslege forhold utan at det treng vere nokon tvist mellom partane.
Jordskifteretten kan løyse eigedomsproblem i tettstader og hytteområde på same måte som i landbruksområde. Ved å kombinere arealplanlegging med jordskifteretten sine verkemedel, kan t.d. bustad- og hytteutbygging med infrastruktur, skje uavhengig av eigedomsgrenser i området.