3200 tilfeldig utvalde bønder vert inviterte til å vere med på spørjeundersøkinga til rural- og regionforskingsinstituttet Ruralis.

– Sidan 2002 har over 16.000 bønder deltatt. Oppslutnaden er stor og gir oss eit godt utgangspunkt for å sjå kvar skoen trykkjer, seier forskar og prosjektleiar for Trendundersøkinga, Alexander Zahl-Thanem i Ruralis.

Undersøkinga har som mål å kartleggje tankar, meiningar og planar bøndene har for både notida og framtida. Tema som går igjen er økonomi, livskvalitet, klima, framtidsutsikter og rekruttering.

– Mange bønder står for tida i ein krevjande kvardag. Undersøkinga er difor svært viktig for å få fram synet bøndene har på dagens situasjon og tankar om vidare drift. Når det blir sett i gang politiske tiltak, er det gull verdt med oppdatert kunnskap som kjem rett frå bøndene gjennom Trendundersøkinga, seier Zahl-Thanem.

(©NPK)