– Vi gler oss til å samle folk til open gard hos Helge Melheim i Heggjabygda på siste søndagen i august. Dette pleier å vere populært, og vi håper mange tek turen, seier Tom-Even Langø, leiar i Eid Bondelag.

Her kan ein vere med på både øksekasting og mjølkespannhalding.

Du kan klappe og kose med lam, gris og ponni, eller ta ein tur innom storfefjøset.

Her er mogleg å leike med leiketraktor, ta natursti, og prøve deg på riding i regi av Eid Fjordhestlag.

Det er også mogleg at lokale matprodusentar vil vere til stades under Open Gard.

Denne søndagen kan du også bli betre kjent med den lokale 4H-klubben Hestehoven 4H.

Det vert også moglegheit for noko å bite i, då det lokale grendelaget i Heggjabygda har laga sin eigen låvekiosk til helga.

– Kom å bli kjent med gardslivet, og bli kjent med oss i Eid Bondelag!, inviterer bondelaget.  Ein representant frå fylkesstyret i Vestland Bondelag vil også kome på besøk denne dagen.