No finst det råd for det.

Det har no kome eit hyggeleg innslag på busshaldeplassen på riksveg 15 på Mel/i Leirongane på Nordfjordeid.

Alt tyder på at dei som har felt bjørka har litt humoristisk sans.

Bjørka stod bak haldeplassen, og her er det laga stol av rotdelen. Stolen er ikkje laus.

Dermed ligg alt til rette for ein kvil før du tar bussen.