Vegtrafikksentralen vest opplyser at Måløybrua vart stengt klokka 09.20 onsdag morgon.

No på morgonen er det meldt mykje vind i ytre Nordfjord.

– Det er meldt orkan i kasta frå formiddagen og resten av dagen. Ta ei runde rundt hus og hytter og saml inn lause gjenstandar som ligg ute. Husk at det som bles vekk frå din eiendom kan vere farleg også for andre, skriv politiet i Nordfjord på Facebook.

Dei minner om at Måløybrua kan bli stengt.

– Respekter bommane og ikkje køyr over når brua er stengt. Det er for di sikkerheit at den vert stengt, minner politiet om.

Skulle nokon hamne i naud og treng assistanse ring 110 (brann), 112 (politi) eller 113 (helse).