– Det er ein solidaritetsaksjon, den største aksjonen i landet etter TV-aksjonen. Kirkens Nødhjelp har 50 årsjubileum med gjennomføring av denne aksjonen i år. Draumen er at dei som går med bøsser skal få ei oppleving av å vere med på noko større, og gjere ein livreddande og fredsskapande innsats for andre, seier soknepresten Øystein Mathisen.
Ofrar skjegget
Ungdomsprest Kaare Michael Christoffersen seier han for fjerde år på rad ofrar skjegget, viss fasteaksjonen slår rekorden på 84.000 kroner i 2013.
– Eg er litt usikker på om eg kjem til å kjenne meg att i spegelen, men det finst viktigare ting i livet enn skjegget mitt. Men eg har lovt dette til konfirmantane dei siste fire åra, men det førebels har vi ikkje klart å slå rekorden, så det blir jo spennande å sjå om det går i år, seier Kaare Michael.
Årets aksjon
Akkurat no er det ei kritisk tørke i fleire afrikanske land. Over 660 millionar menneske må drikke ureint vatn. Det er i kriser at tilgangen til vatn er ekstra kritisk. Om det vert bygd brønnar i vanlege tider, så er det fleire menneske som får tilgang til reint vatn når ei tørkekrise slår inn, slik den gjer i Somalia, Sør-Sudan og landa rundt Tsjadsjøen akkurat no.
– Vi har brukt dei siste to søndagane på å snakke om fasteaksjonen, og oppmoda kyrkjelyden til å delta i bøsseinnsamlinga. Vi treng fleire til å gå med bøsser, slik at flest muleg av innbyggarane i kommunen kan få besøk. Ordførar Alfred Bjørlo har sagt seg villig til å gå viss han er i bygda den dagen, fortel Mathisen.
Vi tek reint vatn for gitt
– Reint vatn er noko vi i Norge tek for gitt. Men for mange i verda er det totalt utenkeleg å tappe eit kaldt glas med vatn frå springen, forklarer Christoffersen.