Måndag var han på plass i sin nye jobb som journalist.

– Eg gler meg til å kome i gang og bli betre kjent med lokalsamfunnet, med å jobbe, og møte folk med mange interessante historier, seier Joakim.

Joakim har med kamera overalt - her frå Mosekleivhornet på Stadt på søndag, med utsikt mot Hoddevik. Foto: privat

– Tips om saker

Han vil gjere ha tips om saker, gjerne frå den yngre garden.

– Det blir spennande å utfordre seg sjølv i den nye journalistjobben. Kjekt å kome tilbake til Eid etter fullført utdanning, og jobbe lokalt, fortel han, som no kjem frå selgarjobb hos Norgesvinduet Bjørlo på Nordfjordeid.

Kjekt å kome tilbake til Eid etter fullført utdanning.

Han er veldig engasjert i idretten, og spelar på Eid IL sitt A-lag, der han er ein av toppscorarane.

Levande bilete

Joakim har god erfaring med bilete og film, og har teke medieutdanning og bachelorgrad i Volda. Som student i Volda hadde han tre månadar praksisis på TV2 Promo i Olso, der han laga reklamefilmar til både sosiale medium og lineær tv av programma som skulle gå på Tv2. Til dømes jobba han med Foræder, Kompani Lauritzen og The Voice.

Brenn for film og foto

– Eg brenn for film og foto, og har jobba mykje med dette. Det håper eg å vere med å utvikle i Fjordabladet vidare, og vil kome med spennande idear innanfor videofaget. Eg gler meg ekstra til å utfordre meg på den biten, fortel Joakim.

Han håper han kan vere med å løfte Fjordabladet vidare, og at lesarane/sjåarane vil sette pris på dette. Joakim er kjæraste med Sunniva frå Leikanger, og er glad i å gå på tur og vere i fjellet. – Eg har alltid med meg kamera, og tar mykje bilde privat og på jobb, seier Joakim. Han er ein aktiv type og glad i å trene.