Fjordabladet sender møtet direkte i kveld, så du kan følgje orienteringane og debatten her med å klikke inn på pila i biletet øvst i denne saka når klokka har blitt 18, så kjem du rett inni direktesendinga.

Det er venta mykje folk, då dette er det einaste høyringsmøtet i Nordfjord.

Folkemøtet i Operahuset er det siste i rekkja. Måndag 29.04. vart det halde tilsvarande møte ved Førde vgs. når det gjeld HAFS, Sunnfjord og Sogn.

Når møterekkja er ferdig vil det framleis vere tre veker igjen av høyringsperioden.

Her er agendaen på møtet i Operahuset:

  • Leiar for hovudutvalet for opplæring, Åsmund Berthelsen, er vertskap og ønsker velkommen.

  • Avdelingsleiar for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngdal, vil ha ei innleiing på møtet.

  • Etter innleiinga vil det bli presentert litt fleire av detaljane i høyringsforslaget.

  • Deretter vil alle fire rektorane i Nordfjord ha eit innlegg på to minutt kvar.

  • Til slutt vil det vere høve for frammøtte å teikne seg for innlegg.