Det sa damene frå Bryggja Sanitetsforeining som hadde Vågsøy kommune sitt vedtak om å legge ned den kommunale skule på Bryggja i tankane. Og ikkje minst spørsmålet om det ville bli privatskule i bygda frå komande haust.
– Saniteten har bidrege med midlar til aktivitetar og gåver til Bryggja skule i mange år. I tillegg til at vi har bidrege med gåver til eitt og hitt, så får skulen ei årleg pengegåve til juleverkstaden. Vi er svært opptatt av at det skal vere ein barneskule på Bryggja, difor har Bryggja Sanitetsforeining kjøpt aksjar for 40.000 kroner i Bryggja Skule AS. Ikkje fordi vi ønskjer å vere aksjonærar, men fordi vi har eit ønskje om at det skal vere skule her i framtida. Den er ein livsnerve for bygda. Erfaringane er at bygder som mister skulen sin stagnerer og småbarnsforeldre vel andre plassar å bu, sa Marit Nore Sørhaug som på tidspunktet for skulelunsjen ikkje var medviten om at Bryggja Skule AS hadde fått konsesjon til å drive privatskule frå hausten av.
Fantastiske damer
Både elevar og lærarar koste seg rundt lunsjbordet sanitetskvinnene hadde laga til i Bryggja Grendehus, som ligg vis a vis skulen.
– Vi set utruleg stor pris på engasjementet, og det Bryggja Sanitetsforeining gjer for skulen vår. Skulelunsjen er berre ein liten del av eit større heile, sa Tony Jurgensen som har vore lærar ved Bryggja skule i tjue år, og soleis har opplevd sanitetskvinnene sin omtanke, samstundes som han vore med på dei fleste skulelunsjane.
God mat
For Jesper og Mathias er det 5. gongen dei er med på skulelunsjen til saniteten.
– Det er like triveleg kvart år. Maten er veldig god og sunn. Her får vi rundstykke med ost og kjøttpålegg, frukt og grønsaker. Eg likar beste rundstykke med egg, seier Mathias.
Jesper, som spelar aldersbestemt fotball på Tornado Måløy, var også imponert over det sanitetskvinnene hadde å tilby.
– Veldig god mat, seier han mellom munnfullane.